For 3 sangsolister og orkester av Glenn Erik Haugland
Basert på dikt og dagbøker av Olav H. Hauge



(hviskes i orkesteret)

Du vart so lenge? kjem det, utan ord.

Gullhanen
(1. vers)

Og eg var longo død. Død i mitt skal,
og gol som gullhane i Miklagard.
Eg levde under - høyrde skurr og svar
og streid imot; og holt læt seld sjels gal.

Frå Dagbok 12.5.1969

Måndag. Fint, lett yverskya. Sprøytt ut 300 liter. Kanskje tek eg litt i morgon òg. Ingen post i dag. Nei, kvi skulde nokon skriva til meg? Dei har ingenting att for det. Det er ikkje alle eg likar å svara, eg heller. Stundom gjer eg det av plikt. Forresten, det å steje seg til å skriva brev um ver og vind, kven gjer det i dag? Nei, tala med seg sjølv, det lyt ein gjera. Føra ein endelaus monolog. Kostar ikkje mykje heller.

Vintermorgon

Då eg vakna i dag, var rutine attfrosne,
Men eg glødde av ein god draum.
Og omnen slo varme ut i rommet
Frå ein kubbe han hadde godna seg med um natti.

Frå Dagbok 12.5.1969

Du tenkte mykje på henne. Og ho kom. Kom verkeleg ein dag. Stod der i hagen. Men då var du høgføtt. Det verste var at Mefostoles var der òg. Og du vilde visa han at du var buse med gjentone. Det skulle du ikkje gjort. Det såra henne. Ja, du sa noko òg, som ikkje nett var fint. Tregeleg, tregeleg! Karakteren er din lagnad. – Ho fekk sjå kven og korleis du var.
--
Og ho kom, den andre òg. Ja, litt hadde du lært, du gjorde litt for å halde på henne. Men ikkje nok, ho som hadde gjort seg so liti for deg.
Og ho kom, den tridje òg. Men, når det stend skrive nederlag i ditt hjarta, er det ikkje noko å gjera med det.
---

Det er ikkje ho som klagar med blødande munn,
ho har funne seg ein annan,
det er songen, det er han som
kjem og klagar –
i di siste stund.

Dette lyt du bera

(hviskes i orkesteret samtidig med dagboksitatene under)

Dette lyt du bera;
at du ikkje strakk til,
at du var venglande fjør,
ikkje oddtung pil
i den sterke vinden.

Du kleiv ikkje bergi,
rodde ikkje vatnet,
drap ikkje draken,
du kom ikkje då ho,
den einaste, ropa.

Um du var snøa med snø,
driven med dogg,
slegen med regn,
skulde du kome.
Valund med hogde
hælsenar sat,
men gjorde seg venger;
du sat og smidde
leikor åt born.

I draumar fær du,
ender og gong,
kliva bergi,
ro vatnet,
drepa draken,
koma til henne.
Soleis vert ditt liv
fullbyrda.

Frå Dagbok 20.1.1967

Eg er ingen diktar.
Men eg lit på at andre er det.

Frå Dagbok 8.5.1969

Du vert ikkje spurd um det. Hugs det! Du vert ikkje kravd til reknskap for det. Men eitt vert du kravd etter: um du har dikta.

Frå Dagbok 12.5.1969

Vegen gjeng alltid nedyver. Du veit det. Og endå: Der er òg noko, du må igjenom den vegen, det myrkret.

Gullhanen

Og eg var longo død. Død i mitt skal,
og gol som gullhane i Miklagard.
Eg levde under - høyrde skurr og svar
og streid imot; og holt læt seld sjels gal.

Til draumen skok meg vak ei festgul nott,
so hamen fall og glansen vart til støv:
Eg er i døri heime. Huset søv.
Og barnehjarta slær att sælt og brått.

Eg stend med hand på klinka inn til mor
og far, - ser månen skin på slite golv.
Du vart so lenge? kjem det utan ord.

Bak sorgi rørde sorgi tungt sin kolv.
So slepte draumen meg. I gullsmidd gjord
for keisaren eg atter gol og svor.

Kor lenge har du sove?

Dette vågar du,
slå augo upp
og sjå deg ikring?
Jau, du er her,
her i denne verdi,
du drøymer ikkje,
ho er slik du
ser henne, tingi her
er slik.
Slik?
Ja, nett slik,
ikkje onnorleis.
Kor lenge har du sove?


Frå Dagbok 22.2.1967

Du. Eg. Ein. Me.


Bruken av desse formene har ofte valde meg bry og ettertanke.
Eg ser hjå Lundquist at Ekelund har skift i bruken av desse, alt etter som han tykte det høvde.
Eg svarar oftast til du, men stundom til eg og du. Me.

Du vil berre vera

Ikkje leitande rot
i det harde grjot,
ikkje tåg, ikkje tein,
ikkje stomnen i storm,
ikkje audmjuk grein,
ikkje bast, ikkje bork
i frost og snø –
ikkje sevja som stig,
ikkje kraft som kan grø,
ikkje frukt, ikkje frø,
ikkje bladet som byggjer
i stilla sin dom, -
du vil berre vera
den brikjande blom.

Og eg var sorg

Og eg var sorg og heldt til i ei hole.
Og eg var ovmod og bygde ayyum stjernone.
No byggjer eg i næraste treet,
og um morgonen når eg vaknar,
trær fura gull på nåli.






Hvem var du, Olav H.?

Komponist Glenn Erik Haugland diskuterer i to kronikker Hauge og hans relasjon til hjembygda.
Les disse og debatten disse har vekt
her, her og her.
Les programkommentaren til verket her.
Les forhåndsomtale i Bergens Tidende
her.


Urfemført 24.10.08 av Bergen Filharmoniske Orkester
Dirigent Bjarte Engeset
Ann-Helen Moen - Sopran
Hege Høisæter - Mezzosopran
Tom Erik Lie - Baryton

Bestilt av Hauge-Tveitt jubileet 2008.